Høyr kor kyrkjeklokka lokkar (LH681)
Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk Tekst: Anders Hovden 1911 Melodi: Folketone fra Skjeberg
1Høyr kor kyrkjeklokka lokkar / med ein høg og heilag klang / alle folk og alle flokkar / til ein hugsam kyrkjegang! / Sysken, lat oss kallet fylgja yver berg og yver bylgja, / lat oss gå på kyrkjeveg / glade både du og eg!
2Her hev våre feder funne / hjartefred og sælebot. / Her hev livsens kjelda runne / friskande um hjarterot. / Tårnet høgt mot himlen peikar, / der på himmelstigen leikar / gode englar til og frå / mellom jord og himmel blå.
3Høyr kor kyrkjeklokka lokkar, / det er sundags høge ro, / våre sorger burt seg tokkar*, / våre sjelesår skal gro. / Ja, eg gløymer all mi møda, / Jesus vil mitt hjarta grøda, / ved hans barm der er min stad, / sterk han gjer meg, sterk og glad.
* flytter