Heil deg, havsens stjerna (LH563)
Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk Tekst: Ave Maris stella, Hermann Contract de Vehringen 1000-t Melodi: Ambrosius J. Lutz Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
1Heil deg, havsens stjerna, / Herrens moder milde, / møy som Gud hev verna, / himmelhamn du stille!
2Med sitt «Heil deg, sæle», / Gabriel deg helsa; / underfullt hans mæle / bar oss bod um frelsa.
3Sjå med dine klåre / augo for dei blinde, / som i natt og fåre / kan ´kje ljoset finne!
4Vil vår mor du vera, / våre ringe bøner / fram for Sonen bera, / han din kjærleik løner.
5Sæle mor, me eine / honom liknast vilde, / vera gode, reine - / bed for oss, du milde!
6Måtte Gud det gjeva, / at me i hans gleda / fær med Jesus leva / og hans lovsong kveda.
7Gud, du eine, sanne, / lat oss deg få prise, / Fader, Son og Ande / upp i Paradiset!