Jesus, lyft ditt ljose merke (LH438)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Elias Blix 1890    Melodi: Ludvig M. Lindeman 1871
Jesus, lyft ditt ljose merke

1Jesus, lyft ditt ljose merke, / du som myrkret yvervann! / Syn at enn du er den sterke / som mot Satan sigra kan! / Um han kjem i engleham, / fer med lygn og løynråd fram, / um med vald han vil oss herja, / du, den sterke, kan oss verja!

2Me som i vår synd var selde, / ved din siger fridom vann, / me som låg i myrkers velde, / me no ljoset skoda kan / som ifrå di åsyn klårt / strålar inn i hjarta vårt, – / kan med løyste tungor tala, / ved ditt ord all hugsott svala.

3Sæl er den velsigna moder / som deg under hjarta bar! / Ja, og sæl den minste broder / som deg tru til enden var! / Kvar som ordet gøyma vil / og i tru deg høyra til, / han er løyst frå myrkers velde, – / du, den sterke, myrkret felde.