Kven kan seia ut den gleda (LH591)
Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk Tekst: Lars Oftedal 1892 Melodi: Folketone fra Setesdal Oversettelse: Anders Hovden 1927
1Kven kan seia ut den gleda / å få vera Kristi brud, / gå med krans og kvite klede / heim til himmelen, til Gud!
2Før eg låg i synd og våde, / tung var all min gang og veg. / Då kom Jesus med sin nåde, / å kor glad han gjorde meg!
3Ja, den dagen - å for sæle! / Aldri meir eg gløymer den, / då eg høyrde hyrdingmæle, / då eg vart ein Jesu ven!
4Kven kan seia ut den fagnad / å få høyra Jesus til! / Jesus er mitt liv, min lagnad, / hans eg evig vera vil!