Kven kan seia ut den gleda (LH591)

Fra Liturgisk ressursbank
(Omdirigert fra LH591)
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Lars Oftedal 1892    Melodi: Folketone fra Setesdal    Oversettelse: Anders Hovden 1927
Kven kan seia ut den gleda


1Kven kan seia ut den gleda / å få vera Kristi brud, / gå med krans og kvite klede / heim til himmelen, til Gud!

2Før eg låg i synd og våde, / tung var all min gang og veg. / Då kom Jesus med sin nåde, / å kor glad han gjorde meg!

3Ja, den dagen - å for sæle! / Aldri meir eg gløymer den, / då eg høyrde hyrdingmæle, / då eg vart ein Jesu ven!

4Kven kan seia ut den fagnad / å få høyra Jesus til! / Jesus er mitt liv, min lagnad, / hans eg evig vera vil!