Lat alle tungor gløda (LH401)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Elias Blix    Melodi: Melchior Vulpius 1609
Lat alle tungor gløda

1Lat alle tungor gløda / i lovsong vidt um land, / for Jesus let seg føda / som heimsens Frelsarmann.

2Frå sæle himmelsalar / han ville stiga ned / til oss i daudens dalar / med frelsa, liv og fred.

3Han skaper fred i landet / der hjarterom han finn, / hans kjærleik er det bandet / som brøder saman bind.

4Å Jesus, lat dei ordi / som englekoret kved, / dei ord um fred på jordi / slå i vårt hjarta ned!

5Lat oss din kjærleik kjenna, / so deg me elska må, / og lat vårt hjarta brenna / av kjærleik til dei små!

6For dine minste brøder / hev på vår kjærleik krav / so deira sår me grøder* / og turkar tårer av.

7So, der all song var tagna / i sorg og naud og trong, / dei syngja må med fagnad / den sæle jolesong.

* få til å gro