No koma Guds englar (LH395)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix 1870, 1875    Melodi: Skotsk melodi 1600 / folketone fra Vest-Agder
No koma Guds englar


1No koma Guds englar med helsing i sky. / Guds fred og velsigning dei bjoda. / No stig ifrå jordi ein helgasong ny, / som skal gjennom himmelen ljoda: / Guds fred og vel møtt, / du barn som er født! / Vår fredsfyrste høgt vere lova!

2I djupaste myrker vart himmelen klår / då stjerna av Jakob seg viste. / I hardaste vetter det grønkar som vår, / og fagraste knupp spring av kviste. / Guds fred og god jol / med sumar og sol! / Vår fredsfyrste høgt vere lova!

3Der ute er jordi so isende kald, / og trei stend svarte i skogen. / Men Isai stuv * som til frelsa er vald, / skyt livskvisten fager og mogen. / Guds fred med den tein / av grønkande grein! / Vår fredsfyrste høgt vere lova!

4No stjerna frå Betlehem lyser um land / frå høgsal til armaste hytta. / Det ljosnar so vent yver dalar og strand / der inn hennar strålar få glytta. / Guds fred yver mold! / Vår sol og vårt skjold, / vår fredsfyrste høgt vere lova!

5No ljodar ein lovsong frå alle Guds born, / på alle folks tungor dei kveda. / So vida som klokkene kima frå tårn, / stig tonar av hugnad og gleda. / Alt kling som i kor: / Guds fred yver jord! / Vår fredsfyrste høgt vere lova!

6Lat gjetordet ganga frå grend og til grend, / so vida som tunga kan mæla, / um Sonen som er oss frå himmelen send / all verdi til siger og sæla! / Syng ut i kvar bygd: / Guds fred ifrå høgd! / Vår fredsfyrste høgt vere lova!

* rot