No livnar det i lundar (LH514)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Elias Blix 1875    Melodi: Ludvig M. Lindeman 1875
No livnar det i lundar


1No livnar det i lundar, / no lauvast det i lid, / den heile skapning stundar / no fram til sumars tid.

2Det er vel fagre stunder / når våren kjem her nord / og atter som eit under / nytt liv av daude gror.

3Guds kyrkja lysa skulle / som høgt på berg ein stad, / med sumar utan kulde / og utan solarglad.

4Guds ord vel alltid lyser, / den sol gjeng aldri ned. / Det hus som Anden hyser, / ligg støtt i ljos og fred.

5Du vår med ljose dagar, / med lengting, liv og song, / du spår at Gud oss lagar / ein betre vår ein gong,

6Då me med vigsla tunga, / med kjærleik heil og klår, / alt utan brest og sprunga / skal lova Herren vår!