Oss er i dag ein Frelsar fødd (LH393)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Aasmund Olavson Vinje    Melodi: Wolfgang A. Plagge 1995
Oss er i dag ein Frelsar fødd

1Oss er i dag ein Frelsar fødd, / so syng vi no forutan like, / for tunga er av elden glødd, / som strålar ned frå himlens rike. / Det sjel og hjarta verma kan / å syngja om ein Frelsar mann.

2Vi trenga alle til ei jol, / til kvild frå årets tunge dagar. / Den kjem lik Herrens høge sol, / som natt og tåke frå seg jagar. / Og joli kjem so rein og kvit, / når soli snur sitt auga hit.

3Av livets godt er joli best, / då komen er Guds fred på jordi. / Kvar ferdamann er boden gjest, / av Herrens gåver bogna bordi. / Eg gjev som du til bror min mitt, / for himlen gav det beste sitt.

Noter

  • Sats (Wolfgang A. Plagge)