Simeon i alder grå (LH597)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Elias Blix    Melodi: Norsk folketone
Simeon i alder grå

1Simeon i alder grå / lengta heim med fred å fara. / Men Guds Ande sagde frå, / at hans livsdag skulle vara, / til han fekk med augom sjå / honom som han stunda på.

2Simeon i templet kjem / inn ein dag ved Andens dragning, / ser det barn frå Betlehem, / ser Guds frelsa frid i dagning. / So han etter lengting lang / Frelsarbarnet tok i fang.

3Simeon, kor du var sæl, / som fekk sjå den store frelsa / renna upp for Israel / og den sol i uppgang helsa! / Kor din lovsong ljuvleg klang, / då du Kristus fekk i fang!

4No du fara kan med fred, / for ditt auga heve skoda / frelsa som er send herned, / som det var deg fyreboda. / Glad du enda kan din gang / med Guds sæle Son i fang.

5Skin då, sol, for alle folk! / Heidningar ditt ljos lat kjenna! / Nådens nye tidebolk / yver Israel lat renna! / Ljos som solgull yver vang / herleg dryss Guds folk i fang!