Sjå, Jerusalem, sjå din konung kjem (LH359)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: Elias Blix 1875    Melodi: Adam Drese 1698
Sjå, Jerusalem, sjå din konung kjem

1Sjå, Jerusalem, / sjå din konung kjem / som ein frelsar logn og tolen / ridande på asenfolen. / Fagna deg, Guds stad, / møt din konung, glad!

2Underleg i råd, / sterk i dug og dåd, / evig Gud, sin Faders like, / fredarfyrsten i Guds rike, / med det namn han er / helsa i Guds her.

3Fredleg er hans ferd, / fager er hans gjerd. / Sjå, han kjem med fred og frelsa. / Gå du ut og honom helsa! / Høgt av fagnad kved! / I din Gud deg gled!

4Gjer då vegen jamn / og velsign hans namn! / Som din konung honom sanna, / kved til honom: Hosianna! / Lova den som dreg / i Guds namn til deg.

5Ja, til deg, til deg / gjeng hans konungsveg. / I ditt hus han heim vil finna, / og ditt hjarta vil han vinna. / Inn din Frelsar bed, / og ditt hus får fred!

6Signa du som kjem / til Jerusalem! / Fredarfyrste frå Gud Fader, / drag du inn i alle stader! / Gjer kvart hjarterom / til din heilagdom!