Sjå, dagen sprett (LH692)
Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk Tekst: Elias Blix 1883 Melodi: Ludvig M. Lindeman 1871
1Sjå, dagen sprett / i austerætt! / Han livet upp vil yngja. / Sjå, skuggar fly, / og solglytt ny / no gylder sky, / og tusund munnar syngja.
2Du sannings sol / som rann i jol, / ver du mi morgonstjerna! / Lys upp min gang / som vidsynt vang / all dagen lang, / mot myrkers vald meg verna!
3I all mi gjerd / på livsens ferd / ditt ord mitt ljos må vera! / Gud, styr min stamn / til himmelhamn / i Jesu namn! / So skal nok båten bera.
4So lid og renn / ein dag um senn / med sol i skuggedalar. / Snart natti lid, / og fram det skrid / til morgon blid / med song i himmelsalar.