So sælt er, Jesus, minnet ditt (LH328)
1So sælt er, Jesus, minnet ditt, / so stor ei frygd for hjarta mitt; / men sælast' frygd du let meg få, / er sjølve deg med augom sjå.
2So vent kling ingen song på jord, / so fagert inkje anna ord, / so hugheilt aldri tanken dreg / som, Jesus, Herrens son, til deg.
3Du er vår von, når me gjer bot, / vår trøyst når me på trøytte fot / i bøn finn vegen til deg inn, / vår frygd når sjølve deg me finn!
4Mi tunge ikkje mæla kann / kor sælt det er å elska han, / men hev du Jesu kjærleik røynt, / du kjenner livet som er løynt.
5Du svalar, Jesus, hjarta mitt / som kjelda klår, og ljoset ditt / er gleda rein for sjel og sinn, / so større frygd eg aldri finn.
6Um kvelden frå min kvilestad / til Jesus søkjer sjeli glad, / på folksamt torg og ubygt skjer, / for deim som leitar, er han nær.
7Kvar morgonstund eg gjev meg av / og vegen finn til Jesu grav, / og det som augo fær kje sjå, / fær den som stundar, skoda då.
8Der strøymer fritt mi tåreflod, / når Herren sjølv kjem mild og god, / eg for hans føter bøygjer kne / og kysser deim i frygd og vé.
9Å, Jesus, drott so ærerik, / du sigerherre utan svik, / du gav oss i ditt sæle namn / ei glede rik, din frelsarfamn.
10Ver hjå oss, Herre, dagen lid, / gakk ikkje frå oss nattetid, / men fyll oss med din ljuve fred / og ver vårt ljos når sol gjeng ned.
11De himmelbuar, syng hans pris! / Lat porten upp til Paradis, / og helse Herren i hans slott: / Heil, Jesus, ærerike drott!