Standande i gråt (LH470)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til navigeringHopp til søk
    Tekst: Stabat mater dolorosa, Jacopone da Todi 1200-t    Melodi: Gregoriansk    Oversettelse: Ragnhild Foss 1938
Standande i gråt


1Standande i gråt og kvida / Herrens mor ser Sonen lida / høgt på kross og skjemdartre.

2Skjelvande, til dauden såra / og av sverdet gjenombora / stend ho i sin hjarteve.

3Ingi sorg er tung som denne / ingen hev so djupt fått kjenne / liding som Guds fagna mor.

4Men hjå Sonen vil ho vera / og med honom liding bera / til hans siste sukk på jord.

5Kan det nokon utan tåre / sjå ho i si liding såre / bogna under krossen ned –

6Kan det nokon hegda gråten / når han ser ho, jammerbroten / luta under pinsletre.

7All vår synd låg på den eine, / krossen tyngde på den reine, / han som utan synder var.

8Bøygd av sorg ho såg han lida / og i dauden eismal* strida; / djupt i sjeli sverdet skar.

9Kjærleiks kjelde, moder milde, / eg so gjerne gråta vilde / attmed krossen hans med deg!

10Lat din kjærleik i meg strøyma / so din son eg kan kje gløyma, / og han kjennast vil med meg.

11Sæle mor, vil du det gjera, / at i hjarta eg fær bera / her på jord min Frelsars sår?

12Mine synder hev han sona, / lat meg fylgja deg og vona / at til krossen hans eg når.

13Lat meg blandt hans vener finnast, / all hans ynk og liding minnast / medan eg på jordi fer.

14Lat meg attmed krossen standa, / tårone med dine blanda / til eg kjem hans hjarta nær!

15Møy, du reinaste av alle, / som deg her Guds mor fekk kalle, / vil du høyra bøni mi?

16Lat meg her hans liding bera / og i liv og daude vera / med deg i din tunge strid!

17Um av såri då eg bløder, / er det livsens flod som fløder / frå hans kross og hjarteblod.

18Når eg fer frå jordheims aude, / lat di bøn frå dom og daude / fria meg, ver då meg god!

19Kristus, lat på himmelstrender / hennar milde moderhender / retta meg min sigerpris!

20Ja, når moldi av skal siga, / lat då sjeli upp få stiga / til ditt sæle Paradis! Amen.

* ensom