Storleg gled me oss i Herren (LH282)
1Storleg gled' me oss i Herren, / sjeli fegnast i sin drott. / Våre røyster i all æva / ljode i hans æve slott.
2Himmel, sol og måne, stjernor / – alt i himmelrømdi bid* – / jordi, lufti, hav og kjeldor / elvar, vatn i allan tid
3aldri i sin lovsong trøytnar, / aldri endar deira pris; / um sin Skapar og hans stordom / syng kvar skapning på si vis.
4Sonen, som i høgd og ære / sit i all sin Faders glans, / prisar ljosens fagre herar / ljuvleg no forutan stans.
5«Heilag, heilag, heilag», syng dei, / «heilag er Gud Zebaoth!» / Høgt «hosanna» – ropet ljodar / framfor Allheims store drott.
6Syngje då for Herren alle, / han åleine lov er verd. / Heider, ære, makt og frelse, / alt er Herrens, han som er!
7Herre, vil du deg miskunne, / høyr i dag vår takk og bøn! / Må du oss i æva unne / syngje lov som sæle-løn!
* venter