Å, brød på pilgrimsferdi (LH460)

Fra Liturgisk ressursbank
Hopp til: navigasjon, søk
    Tekst: O esca viatorum, 1600-t    Melodi: Wolfgang A. Plagge 1992    Oversettelse: Katolsk Salmebok 1964
Å, brød på pilgrimsferdi

1Å brød på pilgrimsferdi / og mat for engleverdi, / å himmelmanna sæl, / må du din ljuvleik retta / til hungrig mann og metta / vår lekam og vår dyre sjel.

2Du kjærleiks reine kjelde, / som strøymer ut med velde / frå Jesu frelsarbarm, / du drykk som tyrsten stettar, / vår byrd du av oss lettar, / gjev du oss trøyst i heimsens harm.

3Di åsyn, Jesu milde, / for oss du løyna ville, / deg sjølv me fær kje sjå. / Må snart i himlens gleda / me fram for deg få treda / og sæle der di åsyn sjå.