Vreidedagen verdi tyner (LH653)
1Vreidedagen verdi tynner / og i okevêret lyner / Davids og Sibylas* syner.
2Redslerop mot himlen ljomar, / der han kjem den høge domar; / tungt som klokkemalm det omar.
3Domsbasun med tunge tonar / stemnar heimsens millionar / fram for han som høgast tronar.
4Daude, liv i redsle grundar: / fram or mold og havsens brunnar / daudingher til domen skundar.
5All den synd på jord eg gjorde / skrivi er i boki store, / som dei ber til domarbordet.
6Røyna fær eg då med tåre: / alt lyt fram i dagen klåre, / løynast kann kje synden´ våre.
7Kva skal eg min domar svara, / kvar skal foten av då fara? / Skuld hev han som best seg vara.
8Drott som kjem i domarvelde, / kjøtet mitt til synd eg selde; / fria meg, all godleiks kjelde!
9Jesus, Frelsar, eg vil gøyma / meg hjå deg, du vil kje gløyma / du for meg ditt blod lét strøyma!
10Trøytt for meg du sat ved brunnen, / striden var kje enno vunnen, / sigerdagen ikkje runnen.
11Rettferds domar, vil du minnast, / når eg må som skuldig finnast, / at på krossen eg laut vinnast?
12Sjå, eg skjelv for synden´ mine, / raudnar framfor augo dine, / fri meg, Gud, frå helheims pine!
13Miskunn gav du syndekvinna, / røvar lét du sæla vinna. / Er det von for meg å finna?
14Ring er bøni eg kan beda: / Du er god, leid meg til gleda; / lat kje meg i glohaug treda!
15Lat meg millom lammi skrida / til eit rom ved høgre sida, / ikkje millom bukkan´ lida.
16Lat kje meg i synd og fæle / skjelva for ditt domarmæle! / Kalla meg med dine sæle!
17Hjarta brenn i såre kvida; / med min Frelsar lyt eg lida / som for oss så tungt laut strida.
18Å, du dag då tåror fløymer! / Fram or eld og oske strøymer / dei som er for domen saka:** / Vil du syngdi frå deim taka!
19Milde Jesus, Herren min, / gjev deim alle freden din!
* hedensk spåkvinne
** anklaget, saksøkt